Å forstå barnets tankar og intensjonar

Det er viktig for alle å oppleve seg ønska, betydningsfull og verdsett. Vi vaksne anerkjenner og bekreftar barna slik at dei bygger ein identitet og får tru på seg sjølv.

Små barn er prega av ein naturleg nyfikne og lyst til å finne ut av ting. Dei er intenst tilstades i augeblinken og treng å oppleve meistring og forståing av det som dei held på med for å gå vidare til nye ”gjeremål”. Dette må vi vaksne ha respekt for.

Barnet må vere trygg og ha ein god sjølvfølelse for å kunne gje noko til andre. Å auke barnets status i gruppa er den vaksne si oppgåve, og barn må bli møtt av omsorgsfulle vaksne.