Kvar tysdag mellom 0900 - 1100

Kvar tysdag reiser 6 barn i alderen 3 - 6 år i lag med to vaksne til Haugland. Då har vi det varme bassenget for oss sjølv i ein time og det er utrulig kjekt kvar gang.

For at barna skal kunne føle på kjensla av å meistre og å vere motivert, er badetimen tilpassa deira nivå. Vi har fokus på vatn tilvenning og ei begynnande symjeopplæring. Dette inneberer blant anna sjølvberging, flyteteknikkar, dykking, song og rørsle i vatn m.m.

Borna gleder seg kvar gang dei er deira tur til å få blir med på bading, og utviklinga hos borna frå gang til gang er ein bonus som vart mykje større enn tenkt når tilbodet tok til.


Når borna går siste året i barnehagen tar dei to svømmemerker. "Vannmerke" om hausten, og "Kvalen" om våren.

Dei vaksne som er med har godkjent livreddningskurs for bassenget på Haugland.