Litt om oss

Elvetun er ein lys og trivelig barnehage som starta opp i nye lokaler i 2005. Vi held til til i sentrum av Dale og har gode samarbeidspartnar som gjer oss aktive i barnehagen sitt nærmiljø.

Elvetun barnehage AS er ein to avdelings barnehage. Eigar av barnehagen er Anny-Mari Holm som også er dagleg leiar.

Avdeling Flo har barn i alderen 3-6 år. Stikkord her er tid og rom for leik, nærmiljø og fellesskap.

Avdeling Fjære har barn i alderen 0-3 år. Stikkord her er tryggleik, gode samspelsrelasjonar og augneblinken sin verdi.

Avdelingane Flo og Fjære er opptekne av barn sin medråderett i eigen kvardag.

Det maritime er ein del av barnehagen, og det gjenspeglar seg i barnehagen sin heilskap. Vårt generelle fokus gjennom barnehageåret er omsorg, trivsel og tryggleik som er grunnleggande føresetnadar for barns utvikling.

Elvetun har fem førskulelærarar, to fagarbeidarar og fire pedagogiske medarbeidarar. Vi er svært stolte over vår gode kompetanse. Det å gje born og foreldre eit godt tilbod som dei kan dra nytte av og være nøgde med, er viktig for oss.