Kosthald og ernæring

Vi har fokus på eit sunt og variert kosthald der borna får utforska smaksansane sine.

Vi har sidan hausten 2013 hatt tilsett eigen matansvarlig på kjøkkent som lagar varm mat kvar dag. Menyen er ny kvar månad og heng i garderoben slik at og foreldre kan sjå kva det er som har vert dagens rett. Vi prøver å ha ein sunn og variert meny med ulike middagar som inneheld kjøtt, fisk og kylling med tilbehør som poteter, ris, pasta og varierte grønnsaker. All mat blir laga frå grunnen av.

Variasjon er viktig og vi håpar å bidra til at barna blir glad i ulike grønnsaker. Barna har eigne vatnflasker og koppar i garderoben slik at tilgangen på godt vatn er enkel.

Dette gjer igjen til at dei drikk mykje vatn i løpet av ein dag.

Vi har tannpuss i barnehagen og barna pusser tennene etter lunsjen. Det er alltid like kjekt å pusse tennene saman med vennen sin.