Barna sin frileik

Borna sin frileik, medverknad og spontanitet er veldig viktig i vår kvardag.

Det er viktig å vere spontane å ta ting på sparket av og til. Borna må vere motiverte til det vi held på med.

Vi prøver å la borna vere med å bestemme kvardagen sin. Personalet legg til rette ein del aktivitetar og så vel borna sjølv kva dei ynskjer å gjere. Vi legg gjerne planar til sides dersom borna er opptekne av andre ting.

Her i barnehagen er vi mykje ute og vi har ei flott grillhytte på uteområdet vårt der vi brenn bål, lager mat og varmer oss på kalde og sure dagar.