Lokalitet

Barnehagen vår ligg sentralt til i Dale, så vi er opptatt av at borna skal bli kjent med nærmiljøet sitt.

Det å utforske nærområdet gjev borna kunnskap og kjennskap til naturen, nærmiljøet og livet kring oss.

Rammeplanen sine sju fagområder er alle representerte i ulik grad gjennom heile barnehageåret, med større fokus på eit av dei kvart halvår. Meir utfyllande om det aktuelle fagområdet finn ein i halvtårsplanen.