Barnehagedagen 2013

Tysdag 12.03 var Barnehagedagen.

Vi på Flo har markerte dagen med å lage noko godt til lunch. Vi spurte ungane kva dei likte av mat, og fekk mange ulike svar. Difor laga vi likegodt eit koldtbord. Her hadde vi kylling, heimelaga minikarbonader(laga av Solfrid, Blekksprutane og Kråkebollane),pølser, spekemat,heimelaga prim(laga av Anny), kaviar, egg,eggerøre, maiskolber, laks, fiskepudding, druer mm. Førskuleborna var med i noko av tillaginga og pådekkinga.
Kvart bord tok tur rundt koldtbordet, der dei plukka med seg det dei ville smake på.Stilheten som senka seg rundt bordet viste tydeleg at dette var noko som dei likte, og nokre hadde til og med smaka på noko dei aldri hadde smakt før